Bjørnafjorden · 整套民居 · 4室6床1.5卫 · 可住7人 · Indrebø Farm Indrebø Gard
Landlig idyll Huset frå 1920talet ligg i naturskjønne omgivelsar i Hålandsdalen. Huset har dei siste åra blitt renovert med nytt og moderne kjøkken, bad og WC. Resten av huset har behaldt den tradisjonelle stilen sin. Det er ein stor hage rundt huset som gjestane fritt kan bruka. Det er og kort veg til Skjelbreidvatnet der me om sommaren har ein båt som kan lånast. Dette huset er perfekt enten du er ute etter ein avslappande ferie, eller om du vil utforska dei flotte turområda i Hålandsdalen Det er 4 fine soverom i 2. etasje, med totalt 7 sengeplassar. Alle soveromma er nyoppussa med eit tradisjonelt preg. I 1. etasje er det eit heilt nytt bad med dusjhjørne WC, og og ny vaskemaskin. I tillegg er det eit lite oppussa rom med WC og vask. Heilt nytt kjøkken med ny ovn, ny platetopp(induksjon) nytt kjøle-/fryseskap, ny oppvaskemaskin, kaffetrakter, vannkoker vaffelkakejern. Kjøkkenet er utstyrt med rikeleg spiseservice, koppar, glass, fat, skåler og kjøkkenreiskapar Spisekjøkkenet er i svært koseleg retrostil (bilder), med tømmervegger. Ny ovn/komfyr i retrostil. Huset har spisestove og stove med salong, sofa og veggmontert TV. Begge stovene er i retrostil og med lune tømmervegger. Det er teke vare på gamle reiskaper og ting, som er ein del av inventaret i stovene og spisekjøkkenet. Dette gjev huset eit heilt spesielt særpreg( sjå bilder)
Very cozy house with friendly and kind host Ernst Ove. He was very helpfull and responsive, always polite. The house was tidy and comfortable. New bathroom and moder kitchen while in some rooms you can see and feel old days norwegian style :) It was absolutely worth to stay there for a couple of days.
Huset ligg på eit småbruk med sau, hest, hund og katt. Grisgrendt, ingen forstyrrande naboar. Garden grensar til Skjelbreidvatnet. Hålandsdalen er kjent for sine flotte fjell og vatn. Flotte turmoglegheitar sumar og vinter. Mange gode fiskevatn, deriblant Skogseidvatnet.
Opptil 4 gratis parkeringsplassar rett utanfor huset. Busstopp 200 meter frå huset.
Det er 3km til Eikelandsosen sentrum, som har blant anna restaurant, daglegvarebutikkar, kjøpesenter og elbilladar.
Det er 7km til det kjende fiskevatnet Skogseidvatnet.
Det tar ein drøy time å køyra til Bergen sentrum.
Bygdastølen skisenter ligg omtrent 15 minutt unna. Dette er eit godt utgangspunkt for turar både sommar og vinter.
Eikedalen skisenter ligg omtrent 40minutt unna.
安心房源保障 人工审核所有中国房源信息,入住更安心
专业中文客服 通过客服电话、线上客服、智能客服助手等渠道,为您提供全方位服务
旅行安全保障 多重风险控制设计,全方位保障您的行程安全